La Pampa-provinsen
La Pampa-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Santa Rosa | ||
Areal | 143 440 km² | ||
Folketal | 361 859 (2022)[1] | ||
La Pampa-provinsen 36°37′00″S 64°17′00″W / 36.616666666667°S 64.283333333333°W | |||
Wikimedia Commons: La Pampa Province |
La Pampa (spansk uttale [la ˈpampa]) er ein tynt folkesett provins i Argentina, som ligg i Pampas-slettene i sentrumet i landet. Naboprovinsar er frå nord og med klokka: San Luis, Córdoba, provinsen Buenos Aires, Río Negro, Neuquén og Mendoza.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1604 var Hernando Arias de Saavedra den første europeiske oppdagaren som nådde området; det vart seinare utforska av Jerónimo Luis de Cabrera i 1662. Men det var ikkje før på 1700-talet at spanske kolonistar etablerte permanente busetjingar her.
Motstand frå dei lokale urfolksgruppene forhindra mykje ekspansjon inntil Juan Manuel de Rosa si regjeringstid. Dette heldt fram til Julio Roca sin «erobring av ørkenen» på 1800-talet. Territoriet vart delt mellom offiserane som etablerte dei første argentinske busetjingane.
Det nasjonale territoriet La Pampa Central vart oppretta i 1884, og inkluderte Río Negro-provinsen og delar av andre nærliggjande provinsar. Territoriet hadde rundt 25 000 innbyggjarar. Innan 1915 hadde befolkninga auka til 110 000, noko som spegla tilflytting til området. I 1945 vart territoriet delt, og La Pampa vart ein eigen provins.
I 1952 vart grunnlova i provinsen skrive, og provinsen fekk namn etter Eva Perón. I 1955, etter regjeringsskifte og Perón-familiens eksil, vart både La Pampa og Chaco, som var oppkalla etter Juan Perón, døypt om tilbake til sine opphavlege namn.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Det blir ofte notert at denne provinsen som ein mellomstor provins i landet har større flatevidd enn Austerrike, Hellas eller Nord-Noreg, til dømes. Det finst berre to store elvar i provinsen: Desaguaderoelva ved grensa til Río Negro-provinsen, og Saladoelva som kryssar provinsen. Vasstanden i Salado har sokke, ettersom sideelvane i Mendoza-provinsen blir leidd bort til vatning.
Den sentral-austlege delen av provinsen blir prega av ei jamt hellande slette mot aust, oppdelt av dalar. Overflata av sletta har ei kalksteinskorpe. Dalar i La Pampa, kjent som tverrdalar (spansk: valles transversales), har ein NE-SV orientering, med bredder på fleire kilometer og lengder på titals kilometer. Nokre av dalane inneheld store fossile innlandsdyner. Tidlegare fungerte desse dalane som vindtunnelar for sand; i dag er dei eit overgangsområde mellom den tørre og den fuktige Pampas.[2][3]
Sjølv om landskapet stort sett er flatt, finst det også fjellandskap som Sierra de Lihuel Calel, der ein kan sjå eit mangfald av landsformer, som frittståande fjelltoppar, skrånande bakkar, kuplar, knausar, forvitringsformer (tafonar) og holer (gnammas). Mesteparten av Sierra de Lihuel Calel består av ignimbritt, ein type vulkansk bergart som vart danna ved veldig utbrot frå eldgamle vulkanar.[4]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Sidan provinsen ligg i Pampas-området, har han eit kjølig temperert klima.[5] Generelt er provinsen dominert av to ulike klimatypar: eit temperert klima i aust og eit halvtørt klima i vest.[6] Nedbøren minkar generelt frå aust til vest og frå nord til sør. Med store temperaturforskjellar blir klimaet prega av kontinentale trekk, spesielt i vest der temperatursvingingane er større. Den generelle atmosfæriske sirkulasjonen er ein av dei viktigaste faktorane som påverkar klimaet på regional skala. Om sommaren flyttar det søratlantiske høgtrykket seg søraustover, noko som fører til at varme og fuktige luftmassar kjem frå nord og nordaust. I sommarmånadene bringar det sørpacifiske høgtrykket i vest med seg kjøligare luftmassar frå sørvest, som når dei møter varme luftmassar fører til nedbør. Om vinteren er det tørt på grunn av flyttinga til det søratlantiske høgtrykket nordover og dei topografiske barrierane i Andesfjella nord for 40ºS, som hindrar frontar med nedbør frå å nå provinsen. Vindar frå sørvest om vinteren bringar kald og tørr luft, ettersom det meste av fukta blir sleppt i Andes.[7] Dermed fell mesteparten av nedbøren om sommaren.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]La Pampa, som lenge har vore Argentinas mest jordbruksdominerte provins, hadde ein anslått produksjon på 3,144 milliardar USD i 2006, eller 10 504 USD per innbyggjar nesten 20 % over landsgjennomsnittet.[8] No ligg BNP per innbyggjar i provinsen på 14 000 USD.
Landbruk utgjer ein firedel av økonomien i La Pampa, der den viktigaste aktiviteten er kvegdrift, med storfe, spreidd over heile provinsen. Andre husdyr inkluderer sauer, geiter og grisar.
Det nordaustlege området, med meir fruktbar jord, har også stor produksjon av kveite, 10 % av nasjonal produksjon, solsikke 13 %, mais, blålusern, bygg og andre kornsortar.
Det finst også ein meieriindustri med 300 mjølkesenter og 25 osteprodusentar, produksjon av honning, og utvinning av salt frå saltbasseng.
La Pampa har hundrevis av olje- og gassbrønnar, og dessutan førekomstar av natriumklorid, natriumsulfat og kobbar.[9] Turisme er ein lite utvikla aktivitet, men besøkjande startar gjerne i Santa Rosa og reiser til nasjonalparken Lihué Calel, Parque Luro Provincial Reserve eller besøkjer ein av dei mange estanciaene, der nokon tilbyr agroturisme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «La Pampa Province» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- ↑ Tripaldi, Alfonsina; Mejl, Adriana; Zárate, Marcelo A. (2018). «Parabolic megadunes in a subtropical Quaternary inland dune field, southwestern Pampas, Argentina». Geomorphology 321: 103–116. Bibcode:2018Geomo.321..103T. doi:10.1016/j.geomorph.2018.08.021.
- ↑ Berón, Mónica; Carrera Aizpitarte, Manuel; Páez, Florencia (2015). «Arqueología en el área de Valles Transversales (provincia de La Pampa, Argentina)» [Archaeology in the Valles Transversales area (Province of La Pampa, Argentina). Characteristics and trends of archaeological record. Social implications in the construction of landscape]. Relaciones de la Sociedad Argentina de Antropología (på spansk) XL (2): 549–587.
- ↑ Aguilera, Emilia Y.; Sato, Ana María; Llambías, Eduardo; Tickyj, Hugo (2014). «Erosion Surface and Granitic Morphology in the Sierra de Lihuel Calel, Province of La Pampa, Argentina». I Rabassa, Jorge; Ollier, Cliff. Gondwana Landscapes in southern South America. Springer. s. 393–422.
- ↑ «Provincia de La Pampa–Clima Y Metéorologia» (på spansk). Secretaria de Mineria de la Nacion (Argentina). Arkivert frå originalen May 15, 2009. Henta 9. november 2024.
- ↑ «Clima de La Pampa» (på spansk). Gobierno de La Pampa. Arkivert frå originalen June 9, 2017. Henta 9. november 2024.
- ↑ «Caracterización General de la provincial» (PDF). INVENTARIO INTEGRADO DE LOS RECURSOS NATURALES DE LA PROVINCIA DE LA PAMPA: Clima, Geomorfología, Suelo y Vegetación (på spansk). Instituto Nacional de Tecnología Agropecuaria. 2004. s. 19–32. Arkivert frå originalen (PDF) June 10, 2017. Henta 9. november 2024.
- ↑ «El déficit consolidado de las provincias rondará los $11.500 millones este año» (på spansk). Instituto Argentino para el Desarrollo de las Economías Regionales. Henta 9. november 2024.
- ↑ «Economía de La Pampa» (på spansk).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Kenneth Pletcher. «La Pampa - province, Argentina» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.