Langfredagsjordskjelvet i Alaska
Utsjånad
Langfredagsjordskjelvet i Alaska (eng. Good Friday Earthquake eller Great Alaska Earthquake) var eit jordskjelv som fann stad i Alaska den 27. mars 1964, og var det kraftigaste jordskjelvet i USA i historisk tid. Skjelvet hadde ein styrke på 9,2 på Richterskalaen med episenter i Prince William-sundet. Det tok livet av 131 menneske, dei fleste drukna som følgje av flodbølgja jordskjelvet skapte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Langfredagsjordskjelvet i Alaska» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2009.
Denne geologiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.