Lars-Erik Larsson
Lars-Erik Larsson | |||
| |||
Fødd | 15. mai 1908 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Burlövs församling | ||
Død | 27. desember 1986 (78 år) | ||
Dødsstad | Helsingborgs Maria församling | ||
Fødenamn | Lars-Erik Vilner Larsson | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 1926–1986 | ||
Sjanger | opera, symfoni | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | dirigent, komponist, musikkforskar, universitetslærar, musikkpedagog, musikkprodusent, organist | ||
Prisar | Litteris et Artibus, Atterbergpriset, Hugo Alfvénprisen, Christ Johnson Prize |
Lars Erik Vilner Larsson (fødd 15. mai 1908 i Åkarp i Skåne, død 27. desember 1986 i Helsingborg) var ein svensk komponist.
Larsson tok organisteksamen i Växjö 1924 og studerte i perioden 1925-1929 ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han heldt fram med studium hos Alban Berg i Wien og hos Fritz Reuter i Leipzig.
Då han vende tilbake til Sverige, vart han tilsett som repetitør ved Kungliga Teatern i Stockholm 1930-1931. Frå 1932 underviste han i musikk i Malmö og Lund. Han verka i perioden 1933-1937 som musikk-kritikar. Han var mellom 1947-1959 den første professoren i komposisjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Larsson var i perioden 1939-63 styreleiar i Föreningen Svenska Tonsättare, og nestleiar i perioden 1942-1947.
Larsson er mest kjend for sine orkesterverk, men skreiv òg kammermusikk, klaverstykker og romansar. Han skreiv musikk til 22 filmar og nokre slagermelodier. I norsk samanheng er han kjend som komponisten bak melodien til songen «Norge i rødt, hvitt og blått».
Utvalde verk
[endre | endre wikiteksten]- Pastoralsvit (for kammerorkester) Op.19 (1938)
- «Förklädd gud». Lyrisk suite for solistar, kor og orkester. Op.24 (1940), til tekst av Hjalmar Gullberg
- Tolv concertini (for ulike soloinstrumenter og strykeorkester) Op.45:1-12 (1955-57)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lars Erik Larsson» frå Wikipedia på bokmål, den 28. september 2011.