Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Lauvtre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvtre.

Lauvtre er ei stor gruppe plantar som kan bli til tre og har store, flate blad. Grupperinga blir ikkje brukt systematisk innan botanikken, ettersom ho omfattar tre innan svært ulike familiar. Ho er likevel ei vanleg nemning fordi lauvtre har lik utsjånad og fordi veden deira gjerne har liknande struktur. Mange lauvtre er lauvfellande.

Dei fleste lauvtrea er einfrøblada, som bjørk og eik, eller tofrøblada, som bambus og palmetre. Blant nakenfrøingane finst òg ei slekt afrikanske bartre som har ei form for lauv. Det eineståande tempeltreet har òg lauvaktige blad.

Frå gammal tid har ein brukt ved frå lauvtre til å laga reiskapar og andre ting som trong eit slitesterkt materiale. Men bruken fall vekk med industrialiseringa, og lauvtre blei ei stund gløymd som materiale. I dag har bruken auka igjen, og rundt 22 % av det produktive skogarealet i Noreg er lauvtredominert.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]