Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Lee Sharpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lee Sharpe
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. mai 1971 (53 år)
Halesowen
Idrett fotball

Lee Stuart Sharpe (fødd 27. mai 1971) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Halesowen. Han vert hugsa for sine åtte sesongar, 1988-96, som Manchester United-spelar. Sharpe var vengspelar, vanlegvis på venstrevengen.

Sharpe kom frå Torquay United til Manchester United sommaren 1988. Gjennom åtte år på Manchester-laget vart han ligameister tre gongar, FA-cupmeister to gongar og ligacupmeister ein gong. I 1991 var han med på å vinne Cupvinnarcupen. Totalt spelte han 265 kampar for Manchester United og skåra 36 mål. Sommaren 1996 vart han overført til Leeds United for 4,5 millionar engelske pund. Her vart han etterkvart plaga av skadar og nådde aldri sidan sitt tidlegare nivå. Han la opp i 2003, etter å ha vandra frå det eine laget til det andre.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Sharpe deltok i ein landskamp i 1991 og sju landskampar i 1993. 2. juni 1993 spelte han heile kampen då England tapte ein VM-kvalifiseringskamp mot Noreg 0-2 på Ullevål stadion i Oslo. Han vart verande utan landslagsmål.

  • Vinnar av Cupvinnarcupen; 1991 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen; 1994 og 1996 (spelte ikkje finalen) med Manchester United
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1992 med Manchester United
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1991 og 1994 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen; 1995 med Manchester United