Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Leiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For mannsnamnet Leiv, sjå Leif
Flatbrødleivar i brødkorg.

Ein leiv viser til ei stor skive brød, til dømes ei heil skive flatbrød, lefse eller anna brød. I moderne tid kan det også visa til ei skive oppskore brød.

Ordet kjem frå norrønt hleifr. På engelsk er det tilsvarande gammalengelske hláf blitt til loaf, eit ord som tidlegare kunne tyda 'brød' men i dag tyder 'heilt brød' eller 'noko som er forma som eit brød'. Dette ordet har igjen gjeve norsk «loff».

På tysk kan Laib visa til heile brød eller heile, store ostar.