Liestal
Liestal | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Basel-Landschaft | ||
Distrikt | Liestal | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Regula Gysin | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
18,19 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (mars 2011) - folketettleik |
13 739 755,3 /km² | ||
Koordinatar | 47°28′0″N 7°44′0″E / 47.46667°N 7.73333°E | ||
Høgd over havet | 327 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 4410 | ||
Nettstad: www.liestal.ch |
Liestal (tidlegare Liesthal) er ein by og ein kommune i det nordlege Sveits. Kommunen har 13 739 innbyggjarar (2011) og eit areal på 18,19 km². Sidan 1832 har byen vore hovudstad i kantonen Basel-Landschaft og i distriktet Liestal. Bysentrum ligg 327 meter over havet. Liestal er ein industriby.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Liestal ligg 17 km sør for byen Basel. 58,7 % av flatevidda i kommunen er skogdekt, 23,9 % er bebygd og 16,4 % er landbruksareal. Elva Ergolz renn frå sør til nord gjennom kommunen.
Liestal sine grannekommunar er Füllinsdorf, Arisdorf, Hersberg, Lausen, Bubendorf, Seltisberg, Nuglar-Sankt Pantaleon og Frenkendorf.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Liestal ligg ved jarnvegslinja Köln – Basel – Chiasso – Milano. Andre snøggtog knyter byen saman med andre byar i Sveits. Også pendeltog til Basel stoggar i Liestal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Liestal» frå Wikipedia på tysk, den 29. august 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (tysk)
- Liestal på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.