Lindau
Lindau | |
---|---|
Inngangen til hamna på Lindau. | |
Geografi | |
Stad | Bodensjøen |
Koordinatar | 47°32′N 09°41′E / 47.533°N 9.683°E
|
Areal | 0,68 (byen 33,18) km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Region |
Bayern Schwaben
|
Demografi | |
Folketal | 24 426 (2005) |
Folketettleik | 736 /km² |
Lindau er ei øy og ein by i den austlege delen av Bodensjøen i Tyskland. Ho ligg i den tyske delstaten Bayern, og er hovudstad i landkreis Linadau. Den historiske byen Lindau ligg på den litle øya med same namn, og ho er forbunde til fastlandet via ei bru og ein jernbanefylling.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er funne restar etter ein tidleg romersk busetnad frå det første århundret i området. Namnet Lindau vart først nemnd av ein munk i St. Gallen i eit dokument i 882, som sa at Grev Adalbert von Rätien hadde grunnlagd eit nonnekloster på øya.
I 1180 vart kyrkja St. Stephan grunnlagd, og i 1224 grunnla fransiskanarar eit kloster på øya. I 1274/75 vart Lindau ein fri keisarby under kong Rudolf I. I 1528 aksepterte Lindau den protestantiske reformasjonen. Etter trettiårskrigen i 1655 vart den første Lindauer Kinderfest (barnefestival) halde til minne om krigen.
Etter oppløysinga av Det tysk-romerske riket mista Lindau statusen sin som fri keisar by i 1802. Byen kom inn under Karl August von Bretzenheim, som gav byen og klosteret til Kongeriket Austerrike i 1804. I 1805 gav Austerrike byen til Bayern.
I 1853 vart jernbanedemningen bygd ut til øya, og tre år seinare vart det bygd ei ny hamn med dei karakteristiske landemerkene som fyret og løveskulpturane.
I 1922 vart dei sjølvstendige landkreisane Aeschach, Hoyren og Reutin ein del av byen. Etter den andre verdskrigen var byen under fransk administrasjon, og i 1955 vart Lindau returnert til Bayern.
I dag ligg Lindau nær dei tre grensene mellom Austerrike, Tyskland og Sveits. Han ligg nedanfor fjellet Pfänder i Alpane. På grunn av det historiske sentrumet frå mellomalderen og den vakre plasseringa i Bodensjøen, er Lindau ein populær turiststad. Kvart år møtes nobelprisvinnarar og ein kongress innan medisin vert halde i byen. Ein annan attraksjon er kasinoet som er eigd av delstaten Bayern.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lindau» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2007.