Lisbet
Utsjånad
Lisbet og Lisbeth er kortformer av Elisabeth som igjen kjem frå hebraisk Elisjeba, 'Gud er fullkomen'. Lisbet har norsk namnedag den 19. november.
Namnet er utbreidd i dei nordiske landa, særleg i Danmark, der 14 525 eller 0,5 % av kvinnene heitte Lisbeth i 2008. I Noreg heitte 5930 Lisbeth og 852 Lisbet i 2008. På 1700-talet var både Lisbet og Lisbeth utbreidde namn. Forma Lisbeth var også populær i 1950- og 1960-åra.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Lisbet Pedersdatter Nypan, norsk bondekone dømd som heks og brend på bål
- Lisbet Bull (1912-74), norsk forfattar og skodespelar
- Lisbet Dæhlin (f. 1922), norsk keramikar
- Lisbet Holtedahl (f. 1946), norsk sosialantropolog, kvinneforskar og filmskapar
- Lisbeth Zwerger (f. 1954), austerriksk illustratør
- Lisbet Hiide (f. 1956), norsk forfattar
- Lisbeth Iversen (f. 1961), norsk politikar
- Lisbet Rugtvedt (f. 1967), norsk politikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Lisbet hjå Statistisk Sentralbyrå
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lisbet» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2008.