Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ljubljana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljubljana
by
Utsyn over Ljubljana.
Foto: Kjetil Ree
Flagg
Våpenskjold
Land  Slovenia
Areal 163,76 km²
Folketal 284 293 (1. januar 2022)[1]
Først nemnd i 1144
Retningsnummer 01
Bilnummer LJ
Kart
Ljubljana
46°03′05″N 14°30′22″E / 46.051388888889°N 14.506111111111°E / 46.051388888889; 14.506111111111
Ljubljana på kartet over Slovenia
Ljubljana på kartet over Slovenia
Ljubljana på kartet over Slovenia
Wikimedia Commons: Ljubljana

Ljubljana (tysk Laibach) er hovudstaden i Slovenia og den største byen i landet. Han har om lag 285 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av å ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.

Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva Ljubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elva Sava.

Ljubljana med Ljubljana borg.
Sentrum
Nord i Ljubljan med Bežigrad og Kamnik-Alpane i bakgrunnen.

Rundt år 2000 f.Kr. vart Ljubljanamyrene busett av folk som heldt til i trebygg på pålar. Desse menneska levde av jakt, fiske og primitivt jordbruk. For å kome seg rundt i myrene nytta dei kanoar laga av uthola trestammer. Seinare ko mange forskjellige stammer og folk gjennom området.[2] Landet vart først kolonisert av venetarar, etterfølgd av dei illyriske japodarane. På 2000-talet kom så den keltiske stamma tauriskarar.[2]

Rundt år 50 f.Kr. bygde romarane ein militærleir som seinare vart den permanente busetnaden Iulia Aemona (Emona).[3] Denne festninga vart okkupert av Legio XV Apollinaris.[4] I 452 vart han øydelagd av hunarar etter ordre frå Attila,[3] og seinare av austgotarar og langobardar.[5] Emona hadde fem-seks tusen innbyggjarar og spelote ei viktige rolle i mange av desse slaga. Mursteinshusa i forskjellige fargar var alt knytt til eit felles dreneringssystem.[3] På 500-talet flytta stamfedrane til slovenarane til området. På 800-talet kom dei under frankisk dominans, medan dei stadig vart angripe av madjarane.[6]

Namnet på byen, Luwigana, dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1144.[5] På 1200-talet var byen delt inn i tre sonar: Stari trg («Gamletorget»), Mestni trg («Bytorget») og Novi trg («Nytorget»).[6] I 1220 fekk Ljubljana bystatus og rettar til å prege sine eigne myntar.[6]

I 1270 vart Krain og Ljubljana erobra av kong Ottokar II av Böhmen.[6] Då han igjen vart slått av Rudolf av Habsburg,[5] tok sistnemnte byen i 1278.[6] Han fekk namnet Laibach og vart verande under huset Habsburg fram til 1797.[5] Det romersk-katolske bispedømet Ljubljana vart oppretta i 1461 og St. Nicholas-kyrkja vart ei domkyrkje.[6]

På 1400-talet vart Ljubljana kjend for kunsten som vart produsert her. Etter eit jordskjelv i 1511 vart byen bygd opp att i renessansestil, og det vart bygt ein ny mur rundt han.[7] På 1500-talet hadde byen rundt 5000 innbyggjarar. 70 % av dei hadde slovensk som morsmål, medan resten hadde tysk.[7] I 1550 vart dei to første bøkene skrivne i Slovenia gjevne ut her. Det var ei katekisme og ein abecedarium, etterfølgd av ei omsetjing av Bibelen. På denne tida hadde reformasjonen samla seg rundt byen. FLeire viktige lutherske forkynnarar levde og arbeidde rundt og i Ljubljana, som Primož Trubar, Adam Bohorič og Jurij Dalmatin. På denne tida vart den første vidaregåande skulen, offentlege biblioteket og trykkeriet opna i Ljubljana.[7] Ljubljana vart dermed det klart fremste senteret for slovensk kultur, ein posisjon byen har halde på sidan. I 1597 kom jesuittar til byen og oppretta ein ny vidaregåande skule, som seinare vart eit universitet. På slutten av 1600-talet dukka det opp barokk arkitektur då utanlandske arkitektar og skulptørar kom hit.[7]

Under napoleonskrigane vart Ljubljana frå 1809 til 1813 hovudstad i Dei illyriske provinsane.[5][8] I 1815 kom byen igjen inn under austerrikarane, og frå 1816 til 1849 var han ein del av Kongedømet Illyria. I 1831 var han vertskap for Laibachkongressen, der dei politiske landegrensene i Europa dei neste åra vart fastsett.[9] Det første toget kom til byen i 1849 frå Wien, og i 1857 vart toglinja strekt vidare til Trieste.[8] Ljubljana fekk elektrisk straum i 1898.[8] I 1895 vart Ljubljana, som då hadde 31 000 innbyggjarar, råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,1 på richterskalaen. 10 % av dei 1400 bygningane i byen vart øydelagde, men det gjekk få menneskeliv med i katastrofen. Under gjenoppbygginga som følgde vart mange av bydelane bygd opp i Art Nouveau-stil.[8]

I 1918, etter den første verdskrigen var over og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart regionen ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia).[5][10] I 1929 vart Ljubljana hovudstaden i Drava Banovina, ein provins i Kongedømet Jugoslavia.[11] I 1941, under den andre verdskrigen, okkuperte Italia byen, etterfølgd av Nazi-Tyskland i 1943.[10] I Ljubljan klarte okkupasjonsstyrkane å bygge sterke skansar og kommandosentralar for Quisling-organisasjonar før italienarane kom, den antikommunistiske frivillige militsen under Italia og Heimegarden under den tyske okkupasjonen. Byen vart omgjeve av 30 km lange piggtrådgjerder for å hindre samarbeid mellom motstandsrørsla (Frigjeringsfronten til det slovenske folket) i byen og jugoslaviske partisanar som opererte utanfor gjerda. Sidan 1985 har ein sti der gjerdet ein gong gjekk gått rundt heile byen.[12].

Etter den andre verdskrigen vart Ljubljana hovudstad i Sosialistrepublikken Slovenia, ein del av Jugoslavia, fram til 1991 då Slovenia fekk sjølvstende. Ljubljana vart verande hovudstad i Slovenia, som kom med i EU i 2004.[10]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://pxweb.stat.si/SiStatData/pxweb/en/Data/-/H232S.px/table/tableViewLayout2/; vitjingsdato: 20. oktober 2022.
  2. 2,0 2,1 «First Settlers». City of Ljubljana. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Times of the Roman Emona». City of Ljubljana. 
  4. Hildegard Temporini og Wolfgang Haase, Aufstieg und Niedergang der römischen Welt. de Gruyter, 1988. ISBN 3-11-011893-9. Google Books, s.343
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Daniel Mallinus, La Yougoslavie, Éd. Artis-Historia, Brussels, 1988, D/1988/0832/27, s. 37-39.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Ljubljana in the Middle Ages». City of Ljubljana. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Renaissance and Baroque». City of Ljubljana. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Ljubljana in the 18th and 19th Centuries». City of Ljubljana. 
  9. «Introducing Ljubljana». City of Ljubljana. [daud lenkje]
  10. 10,0 10,1 10,2 «Restless 20th Century». City of Ljubljana. 
  11. «Dans la Yougoslavie des Karageorgévitch» (på fransk). 
  12. «The Path of Remembrance and Comradeship» (PDF). 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Ljubljana frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: Ljubljana