Loukás Výndra
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Λουκάς Βύντρα Loukás Výndra | ||
Fødd | 5. februar 1981 | ||
Fødestad | Město Albrechtice | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Panathinaikós | ||
Nummer | 24 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-99 1999-2000 2000-01 2001-03 2003- |
Almopó Aridéas Paniliakós Véria Paniliakós Panathinaikós |
- - 24 (0) 63 (3) 124 (6) | |
Landslag | |||
1997-2005 2005- |
Hellas U21 Hellas |
20 (3) 27 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. juli 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |
Loukás Výndra (fødd 5. februar 1981 i Město Albrechtice i Mähren-Schlesien-regionen) er ein tsjekkisk-gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar i forsvar for Panathinaikós. Han har tsjekkisk far og gresk mor.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Výndra begynte proffkarrieren sin i fotballklubben Paniliakós i 1999, men gjekk over til Véria i 2000. I 2001 kom han tilbake til Paniliakós og spelte fast for dei, til han vart kjøpt av topplaget Panathinaikós i 2003/04-sesongen. Han var med på å vinna den greske serien og cupen den sesongen, men spelte berre 5 seriekampar. Sommaren 2007 var tyske Hertha Berlin interessert i å kjøpa Výndra, men Panathinaikós avslo dette. Han skåra mot Sevilla i UEFA-cupen i 2004/05-sesongen. Dei første to ligamåla sine for Panathinaikós skåra han mot PAOK Thessaloniki 8. februar 2009.
Han har for det meste spelt som høgreback for Panathinaikós, men sidan 2008/09-sesongen har han vore meir brukt som midtstoppar, og til tider òg som venstreback.
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Výndra tok del i sommar-OL i 2004 for det greske fotballandslaget. Han var med i A-landslagstroppen til Confederations Cup i 2005, der han spelte to kampar. I 2008 var han med i troppen til fotball-EM, der han spelte éin kamp.