Loulé
Utsjånad
Loulé | |||
by | |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Region | Algarve | ||
Distrikt | Faro | ||
Areal | 764,2 km² | ||
Folketal | 70 622 (2011)[1] | ||
Loulé 37°08′38″N 8°01′24″W / 37.14399°N 8.02345°W | |||
Wikimedia Commons: Loulé |
Loulé er ein by og kommune i Faro distrikt i den sentrale delen av Algarve sør i Portugal. Han er den største og folkerikaste kommunen i Algarve med eit areal på 764,2 km² og eit innbyggjartal på 70 622 (2011).[2] Sjølve byen har cirka 12 100 innbyggjarar. Kommunen grensar til Almodovar i nord, Alcoutim, Tavira, São Brás de Alportel og Faro i aust og til Albufeira og Silves i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør.
Loulé er ein viktig turiststad på sørkysten av Portugal (Algarvekysten), som er kjend for det årlege karnevalet sitt – Carnaval de Loulé. I tillegg til byen som har gjeve namn til kommunen, omfatta kommunen også byen og feriestaden Vilamoura/Quarteira.
Sokn
[endre | endre wikiteksten]Lagoa består av ni sokn (freguesias):[3]
- Almancil
- Alte
- Ameixial
- Boliqueime
- Quarteira
- Querença, Tôr e Benafim
- Salir
- São Clemente
- São Sebastião
Folk frå Loulé
[endre | endre wikiteksten]- José Mendes Cabeçadas (1883–1965), president av Portugal i 1926
- Aníbal Cavaco Silva (f. 1939), portugisisk statsminister, president av Portugal frå 2006 til 2016
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://mapas.ine.pt/download/index2011.phtml; vitjingsdato: 19. september 2018.
- ↑ «Statistics Portugal». ine.pt. Henta 7. mai 2018.
- ↑ «Lei n.º 11-A/2013 de 28 de janeiro. Reorganização administrativa do território das freguesias» (pdf). Diário da República (på portugisisk) (19 de 28 de enero de 2013 (Série I), Suplemento). ISSN 0870-9963.
- Denne artikkelen bygger på «Loulé» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2021.