Luke Black
Luke Black | |||
| |||
Fødd | 18. mai 1992 (32 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Čačak | ||
Fødenamn | Лука Ивановић | ||
Opphav | Serbia | ||
Aktiv | 2014– | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Universal Music Group | ||
Verka som | låtskrivar, songar |
Luka Ivanović (fødd 18. mai 1992), kjend under artistnamnet Luke Black, er ein serbisk songar og låtskrivar. Han er den fyrste serbiske artisten som skreiv kontrakt med Universal Music Group, der han gav ut debut-EP-en Thornes i februar 2015. Han representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Samo mi se spava».
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ivanović blei fødd 18. mai 1992 Čačak i FR Jugoslavia, dagens Serbia. Han byrja med musikk som 12-åring då han byrja å skrive eigne tekster, og eit par år seinare byrja han å lage og produsere sin eigen musikk.
Ivanović flytta til Beograd for å studere engelsk språk og litteratur.[1] Han har også ein mastergrad i musikkproduksjon.[2]
Scenenamnet «Luke» er ei anglisering av fornamnet Luka, mens «Black» kjem frå då han som tenåring sørgde i 40 dagar for «døden til det serbiske musikklivet».[3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Ivanović byrja musikkarrieren då representantar frå Universal Music Group la merke til songen hans «D-Generation». Han fekk platekontrakt og gav ut debutsingelen «Nebula Lullaby» i 2014, mens «D-Generation» blei offisielt gjeven ut i februar 2015. Kort tid etter kom oppfølgjarsingelen «Holding on to Love», og debut-EP-en Thornes i september 2015.[4][5] Seinare følgde framsyningar på festivalar og konsertar i Zagreb, Beijing, Shanghai og Guangzhou. I juli 2018 kom andre-EP-en Neoslavic.
I april 2021 gav Black på eige forlag ut «A House on the Hill» som blei med EP-en F23.8.[6]
I januar 2023 deltok Black i Pesma za Evroviziju, den serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023 med songen «Samo mi se spava».[7] Han vann finalen lørdag 4. mars og fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest i Liverpool.[8] Der enda han som nummer 24 av 26 deltakarar i finalen.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Koje Luka Blek: Ekscentrični umetnik iz Čačka koji će ove godine predstavljati Srbiju na Evroviziji». Telegraf.rs (på serbisk). 5. mars 2023. Henta 5. mars 2023.
- ↑ «Koje Luke Black, koji će predstavljati Srbiju na Evroviziji 2023? - Scena - Dnevni list Danas» (på serbisk). 5. mars 2023. Henta 5. mars 2023.
- ↑ «LukeBlack otkrio svoju TAKTIKU na "Pesmi za Evroviziju" - Ja sam MASTER MANIPULATOR, namerno sam loše odradio televizijske nastupe!». www.sd.rs (på serbisk). 1. mars 2023. Henta 5. mars 2023.
- ↑ «LukeBlack ima novi singl». B92.net (på serbisk). Henta 5. mars 2023.
- ↑ «LukeBlack predstavio se debitanskim EP-ijem 'Thorns'». ravnododna (på kroatisk). 18. september 2015. Henta 5. mars 2023.
- ↑ Jovović, Pero (15. mai 2021). «Srpski"pop alhemičar" ima novi singl koji morate čuti». NOVA portal (på serbisk). Henta 5. mars 2023.
- ↑ https://nova.rs/zabava/showbiz/tijana-dapcevic-frajle-sajsi-mc-ovo-su-najpoznatija-imena-koja-ce-se-takmiciti-za-evroviziju/
- ↑ Serbia, RTS, Radio televizija Srbije, Radio Television of. «Светможда гори, али у Ливерпул сигурно не идемо да спавамо». www.rts.rs. Henta 5. mars 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Luke Black» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2023.