Mörbylånga kommun
Utsjånad
Mörbylånga kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Kalmar län | ||
Landskap | Öland | ||
Del av | Q10593609, Q61388062, Öland | ||
Areal | 668,33 km² | ||
• land | 666,79 km² | ||
• vatn | 1,54 km² | ||
Folketal | 14 152 | ||
Mörbylånga kommun 56°31′00″N 16°23′00″E / 56.516666666667°N 16.383333333333°E | |||
Kart som viser Mörbylånga kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Mörbylånga Municipality |
Mörbylånga kommun ligg i det svenske länet Kalmar län på øya Öland. Administrasjonssenter i kommunen er Mörbylånga. Kommunen utgjer søre delen av øya Öland, og er eit eldgamalt kulturlandskap – Kulturlandskapet på Södra Öland – med rullesteinsmarker i vest og Stora alvaret på kalksteinsgrunn med alvar i aust. Borga Eketorp vitnar om høvdingemakt sidan bronsealderen, og Vickleby har kyrkje frå 1100-talet. I kommunen ligg tettstaden Färjestaden som har brusamband over til fastlandet. Ölands Djurpark ligg ved Färjestaden.
Ein stor del av innbyggjarane i kommunen pendlar til arbeidsplassar utanfor kommunen, særleg til Kalmar.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Mörbylånga kommune har ni tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Färjestaden | 4 636 |
2. | Mörbylånga | 1 784 |
3. | Skogsby | 528 |
4. | Algutsrum | 499 |
5. | Degerhamn | 372 |
6. | Vickleby | 310 |
7. | Gårdby | 262 |
8. | Arontorp | 231 |
9. | Kastlösa | 208 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mörbylånga kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2012.