Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

MGP Nordic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Melodi Grand Prix Junior Nordic (MGP jr. Nordic) er ei musikktevling for born mellom 8 og 15 år i dei nordiske landa. Ho vert arrangert på omgang av NRK, DR, SVT og YLE. Det er berre Finland som enno ikkje har arrangert tevlinga. Den danske musikktevlinga Dansk Melodi Grand Prix Junior vart arrangert fyrste gong i 2000 i Danmark, og suksessen vart gjentatt i 2001. I 2002 hadde idéen slått så godt an at han vart utvida til heile Norden, og Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert som eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. I 2007 vart Finland òg med i tevlinga.

Kvart deltakarland vel ut to (tidlegare tre) songar til tevlinga, som vert vist på direktesendt TV. Det blir så arrangert ei avstemming der kvart land kan stemme på songane frå dei andre songar for å kåre ein vinnar. Kvart deltakarland deltar gjennom ein nasjonal fjernsynskanal, som har ansvar for å velje ut kva artistar og songar som skal delta i konkurransen.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Fire land har deltatt minst ein gong i konkurransen. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i konkurransen
2002 Flagget til Danmark Danmark, Flagget til Noreg Noreg, Flagget til Sverige Sverige
2007 Flagget til Finland Finland
År Vertsby Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2002 Flagget til Danmark København Flagget til Danmark Danmark «Kickflipper» Razz Dansk
2006 Flagget til Sverige Stockholm Flagget til Danmark Danmark «Tro på os to» SEB Dansk
2007 Flagget til Noreg Oslo Flagget til Noreg Noreg «Bæstevænna» Celine Helgemo Norsk
2008 Flagget til Danmark Århus Flagget til Noreg Noreg «Oro jaska beana» The BlackSheeps Norsk, samisk
2009 Flagget til Sverige Stockholm Flagget til Sverige Sverige «En vanlig dag» Ulrik Munther Svensk