MI5
Utsjånad
MI5 | |||
Type | Tryggingsteneste | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1909 | ||
Hovudkontor | Thames House | ||
Leiar | Andrew Parker | ||
Motto | Regnum Defende | ||
Nettstad | http://www.mi5.gov.uk/ |
MI5, offisielt The Security Service, er tryggingstenesta i Storbritannia. Nemninga MI5 er ei forkorting av «Military Intelligence section 5» ('Militær etterretning, avdeling 5').
Tenesta har som oppgåve å verna det britiske demokratiet og Storbritannias økonomiske interesser, og å kjempa mot alvorleg kriminalitet. MI5 tek for det meste for seg innanrikstryggleik, medan Secret Intelligence Service (MI6) tek hand om ekstern tryggleik. MI5 sitt ansvar for den indre tryggleiken gjorde at den under andre verdskrigen og den kalde krigen vart kjent for jakta på KGB-agentar og seinare IRA. Etter 2001 er det mest fokus på kamp mot internasjonal terrorisme.
MI5 er underlagd den britiske innanriksministeren, og har rundt 3 800 tilsette.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «MI5» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2017.