Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Malaika Mihambo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malaika Mihambo


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 3. februar 1994 (30 år)
Heidelberg
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2016 – Lengdehopp kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Lengdehopp kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2024 – Lengdehopp kvinner
Utmerkingar Sportler des Jahres, Leichtathleten des Jahres, Sportler des Jahres

Malaika Mihambo (fødd 3. februar 1994) er ein tysk friidrettsutøvar frå Heidelberg som vart europameister 2018, verdsmeister 2019, olympisk meister 2021, verdsmeister 2022 og europameister 2024 i lengdehopp. Ho har ein personleg rekord på 7,30 meter frå verdsmeisterskapen 2019.

Mihambo gjorde personbeste i lengdehopp med 6,90 meter i 2014. To år seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved EM i friidrett 2016, før ho under Sommar-OL 2016 flytta sitt personbeste til 6,95 m i finalen og vart nummer 4. I Weinheim 26. mai 2018 forbetra ho rekorden sin til 6,99 meter, seinare same sommaren vart ho europameister med moderate 6,75 m.

2019-sesongen var Mihambo i sitt livs beste form. Ho forbetra den personlege rekorden til 7,07 m i Roma den 6. juni, vidare til 7,16 m i den tyske meisterskapen i Berlin 4. august, for så å toppe rekordreisa med 7,30 meter i VM finalen i Doha den 4. oktober. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 2021 låg ho på tredjeplass før sjette og siste finaleomgang. I sitt siste forsøk landa ho på 7,00 meter og årsbeste, dermed la ho dei andre medaljevinnarane 3 centimeter bakom seg.

Mihambo vann den tyske meisterskapen i lengdehopp i 2016 og åra 2018-21.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]