Mareritt
Utsjånad
Eit mareritt eller maredraum er ein ubehageleg draum som kan føre til sterk emosjonell respons, som frykt, depresjon eller sorg. Draumeinnhaldet blir ofte hugsa i detalj og omfattar ofte trugslar mot liv, tryggleik eller sjølvkjensle.
Mareritt kan ha fysiske årsaker som søvn i ein ukomfortabel posisjon eller at ein har feber, eller psykiske årsaker som stress og angst. Ei atterkomme av same mareritt kan krevje medisinsk hjelp, ettersom det kan forstyrre søvnmønster og føre til søvnløyse.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «mareritt» i Store norske leksikon, snl.no.