Marina Kiehl
Marina Kiehl | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 12. januar 1965 (59 år) München |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1984, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's downhill |
Utmerkingar | Goldener Ehrenring der Stadt München |
Marina Kiehl (fødd 12. januar 1965) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå München som vart olympisk meister i utfor under vinterleikane 1988 i Calgary.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart Kiehl nummer fem i storslalåm og kom på delt sjetteplass i utforrennet. Også i VM i alpine greiner 1985 i Bormio vart ho nummer fem i storslalåm. I alpin-VM 1987 i Crans-Montana enda ho på fjerdeplassen i utfor og sjetteplassen i storslalåm.
Kiehl vann sju renn i verdscupen frå mars 1984 til mars 1987, seks av sigrane kom i super-G. I 1985-sesongen gjekk ho til topps i storslalåmgreina av verdscupen i alpine greiner, trass i at ho vann berre eitt storslalåmrenn. Sesongen etter vann ho super-G-greina i verdscupen.
Høgdepunktet for Kiehl kom under dei olympiske vinterleikane 1988 i Calgary, der ho overraskande tok gullmedaljen i utfor, med stor margin til dei andre medaljørane, sveitsiske Brigitte Oertli og Karen Percy frå Canada.
Kiehl la bort konkurranseskia etter OL-sesongen 1988, 23 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Marina Kiehl» frå Wikipedia på tysk, den 17. desember 2014.