Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Marit Øiseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Øiseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. desember 1928
Nord-Odal kommune
Død

5. oktober 1971 (42 år)
Nord-Odal kommune

Yrke langrennsløpar, sprintar

Marit Øiseth (29. desember 19285. oktober 1971), fødd Marit Hemstad, var ein norsk idrettsutøvar, fødd og død i Nord-Odal. Ho var aktiv i friidrett og langrenn, som skirennar var ho medlem i Mogutten Idrettslag.

Marit Hemstad var dotter til ein skogsarbeidar. 17 år gammal deltok ho i EM i friidrett 1946 i Oslo, der ho vart nummer fire på 200 med tida 25,7 sekundar.

Ho kom tilbake som Marit Øiseth og deltok i langrenn under Vinter-OL 1952 i Oslo. Her enda ho på sjuandeplassen på 10 km. Då den fyrste noregsmeisterskapen med kvinner i langrennssporet fann stad i 1955, hadde ho slutta å tevle.