Massa
Utsjånad
Massa | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Toscana | ||
Provins | Massa-Carrara | ||
Areal | 93,84 km² | ||
Folketal | 66 160 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Fabrizio Neri | ||
Postnummer | 54100 | ||
Retningsnummer | 0585 | ||
Massa 44°02′00″N 10°08′00″E / 44.033333333333°N 10.133333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Massa |
Massa er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Massa-Carrara i regionen Toscana og har om lag 65 000 innbyggjarar.
I lag med tvillingbyen Carrara er Massa verdskjend for utvinning og produksjon av marmor.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 1400- til 1800-talet var Massa hovudstad i det sjølvstendige fyrstedømet (seinare hertugdømet) Massa og Carrara, styrt av familiane Malaspina og Cybo-Malaspina.
I 1829 vart byen gjeven til den austerrikske greina av Huset Este. I 1859, under samlinga av Italia vart han ein del av Kongedømet Sardinia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Massa» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.