May Hansen
Utsjånad
May Hansen | |||
Fødd | 8. mai 1953 (71 år) Fredrikstad | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | jordmor, politikar | ||
Alle verv |
|
May Elisabeth Hansen (fødd 8. mai 1953 i Fredrikstad) er ein norsk SV-politikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Østfold i 2001 og attvald i 2005. SV tapte sitt Østfold-mandat ved stortingsvalet 2009, og Hansen gjekk dermed ut av Stortinget.
Hansen er utdanna sjukepleier frå Menighetssøsterhjemmets sykepleierskole 1971–1974 og jordmorskole åra 1975–1976. Hansen arbeidde deretter som jordmor, blant anna ved Moss sjukehus , Vålar kommune, Fredrikstad sjukehus og Rygge kommune.
Stortingskomitear og andre stortingverv
[endre | endre wikiteksten]- 2005–09: innpiskar SV.
- 2005–09: medlem av familie- og kulturkomiteen
- 2005–09: medlem av valkomiteen
- 2001–05: medlem og første nestleiar av familie-, kultur- og administrasjonskomiten
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «May Elisabeth Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.