Mecom
Utsjånad
Treng oppdatering (2023) |
Mecom | |||
Org.form | Offentleg aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Forlagsverksemd | ||
Skipa | 2005 | ||
Hovudkontor | London | ||
Nettstad | http://www.mecom.com/ |
Mecom Group plc er eit investeringsselskap som held til i London. Selskapet vart etablert i 2000 av dagens styreformann David Montgomery.
Selskapet vart børsnotert i mars 2005 og har spesialisert seg på å kjøpe medieselskap, særleg selskap som eig lokale og regionale aviser. I 2007 har selskapet aktivitetar i Noreg, Danmark, Nederland, Tyskland, Polen, Sverige, Ukraina og Litauen. Aktivitetane i Noreg er underlagt selskapet Edda Media, i Danmark er aktivitetane samla i Det Berlingske Officin. Desse to selskapa er ei vidareføring av delar av aktivitetane i det tidlegare Orkla Media.