Meistersongarane frå Nürnberg
WWV 96 Opera av Richard Wagner | |||
Hans Sachs, illustrasjon av Wilhelm von Kaulbach (1876) | |||
Periode | Romantikken | ||
---|---|---|---|
Urframføring | 21. juni 1868 | ||
Typisk lengd | ca. 4 timar 20 minutt | ||
Satsar/akter | 3 aktar | ||
Libretto av | Richard Wagner |
Meistersongarane frå Nürnberg (Die Meistersinger von Nürnberg), WWV 96, er eit musikkdrama (eller ein opera) i tre akter, skrive og komponert av Richard Wagner. Han er blant dei lengste operaene som ofte blir framførte, og varer vanlegvis rundt fire og ein halv time. Han vart først framført ved Nationaltheater München, i dag heimen til den bayerske statsoperaen, den 21. juni 1868.[1][2]
Forteljinga føregår i Nürnberg på midten av 1500-talet. På den tida var Nürnberg ein fri riksstat og eit av sentruma til renessansen i Nord-Europa. Historia dreier seg om Meistersinger-lauget (meistersongarane) i byen, ei foreining av amatørdiktarar og musikarar som primært var handverksmeistrar av forskjellige bransjar. Meistersongarane hadde utvikla ei handverksmessig tilnærming til å laga musikk, med eit intrikat system av reglar for å komponera og framføra songar. Verket hentar mykje av atmosfæren frå skildringa av Nürnberg frå tida og tradisjonane til meistersongarlauget. Ein av hovudpersonane, skomakar-diktaren Hans Sachs, er basert på ein historisk skikkelse, Hans Sachs (1494–1576), den mest berømte av meistersongarane.
Roller
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Stemmeleie | Rollebesetning, 21. juni 1868
Dirigent: Hans von Bülow |
---|---|---|
Eva, Pogners dotter | sopran | Mathilde Mallinger |
David, Sachs' læregutt | tenor | Max Schlosser |
Walther von Stolzing, ein ung riddar frå Franken | tenor | Franz Nachbaur |
Sixtus Beckmesser, notarius, meistersongar | baryton | Gustav Hölzel |
Hans Sachs, skomakar, meistersongar | bass-baryton | Franz Betz |
Veit Pogner, gullsmed, meistersongar | bass | Kaspar Bausewein |
biroller: | ||
Magdalena, Evas amme | sopran | Sophie Dietz |
Kunz Vogelgesang, pelsmakar, meistersongar | tenor | Karl Samuel Heinrich |
Balthasar Zorn, tinnmakar, meistersongar | tenor | Bartholomäus Weixlstorfer |
Augustin Moser, skreddar, meistersongar | tenor | Michael Pöppl |
Ulrich Eisslinger, kjøpmann, meistersongar | tenor | Eduard Hoppe |
Fritz Kothner, bakar, meistersongar | baryton | Karl Fischer |
Nachtwächter, vekter | bass | Ferdinand Lang |
Konrad Nachtigall, blekkslagar, meistersongar | bass | Eduard Sigl |
Hermann Ortel, såpekokar, meistersongar | bass | Franz Thoms |
Hans Foltz, koppersmed, meistersongar | bass | Ludwig Hayn |
Hans Schwarz, strømpevever, meistersongar | bass | Leopold Grasser |
Borgarar av alle laug og konene deira, svenner, lærlingar, unge kvinner, Nürnbergs folk (kor) |
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2.
- Carl Dahlhaus (1972) Wagners Konzeption des musikalischen Dramas, Regensburg (Bosse), 2. Auflage: München/Kassel (dtv/Bärenreiter) 1990.
- Barry Millington (ed.) (1992). The Wagner Compendium: A Guide to Wagner's Life and Music. Thames and Hudson, London. ISBN 0-02-871359-1
- Nicholas Vaszonyi (ed.) (2002), Wagner's Meistersinger. Performance, History, Representation, Rochester/NY (Univ. of Rochester Press) ISBN 978-158-046168-9.
- John Warrack (1994). Die Meistersinger von Nürnberg. Cambridge Opera Handbooks. Cambridge University Press.
- Olaf Waage (1931) Studier over Richard Wagners Die Meistersinger von Nürnberg (Studier fra Sprog- og Oldtidsforskning, 158.)
- Richard Wagner: Mein Leben tr. Andrew Gray, My Life, New York, 1992 ISBN 0-306-80481-6
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Warrack, John (1994), Richard Wagner, Die Meistersinger von Nürnberg, University Press, s. 137, ISBN 0-521-44444-6, OCLC 29024201, henta 2. mai 2022
- ↑ «Die Meistersinger: Performance History», opera.stanford.edu, henta 2. mai 2022
- ↑ Warrack, John (1994), Richard Wagner, Die Meistersinger von Nürnberg, University Press, s. 38, ISBN 0-521-44444-6, OCLC 29024201, henta 2. mai 2022
- Denne artikkelen bygger på «Mestersangerne fra Nürnberg» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Libretto på tysk og engelsk (arkivert nettside)