Merta
Utsjånad
Merta | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Rajasthan | ||
Distrikt | Nāgaur | ||
Folketal | 40 252 (2001) | ||
Merta 26°39′00″N 74°02′00″E / 26.65°N 74.0333°E | |||
Wikimedia Commons: Merta City |
Merta er ein by Rajasthan i India. Han ligg i distriktet Nāgaur, 400 km sørvest for den indiske hovudstaden New Delhi. Merta ligg 324 meter over havet og har eit folketal på 40 252 ifølgje folketeljinga i 2001.[1]
Merta var tidlegare eit kongedøme styrt av Mertia Rathore-radjputar. Den legendariske diktaren Mirabai kom herfrå.[2]
Slaget ved Merta mellom Marathariket og radjputar frå fyrstestaten Jodhpur blei utkjempa her den 10. september 1790. Slaget ende med siger for Marathariket.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Census of India 2001: Data from the 2001 Census, including cities, villages and towns (Provisional)». Census Commission of India. Arkivert frå originalen 16. juni 2004. Henta 1. november 2008.
- ↑ Mukta, Parita (2008). «Mirabai» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780195148909. doi:10.1093/acref/9780195148909.001.0001/acref-9780195148909-e-698.
- Denne artikkelen bygger på «Merta City» og «Battle of Merta» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2019.