Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Mile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om måleininga. For for den eldre nemninga for kjernefysisk reaktor, sjå kjernereaktor.
Amerikansk milestein.

Mile er ei måleining for lengd som blir brukt i nokre engelsktalande land. Ho svarar til rundt 1 609 meter på land og 1 852 meter til sjøs og i lufta.

Eininga har opphav i Romarriket. Der målte ein lengd i dobbelsteg, det vil seia to steg tekne av ein gjennomsnittleg romersk soldat. Tusen slike steg, mille passus, utgjorde om lag 1 479 meter. Langs vegnettverket dei laga, sette romarane opp milesteinar for kvart tusande steg for å visa avstanden til Roma. Desse steinane blei kalla milliarium.

Då Romarriket fall, stod steinane igjen. Dei blei etter kvart tekne i bruk av nye herskarar, saman med ei eller anna form av eininga. Det norske ordet mil kjem òg opphavleg frå romarane sine tusen skritt.