Miniatyrmåleri
Miniatyr eller miniatyrmåleri viser til ulike typar måleri i lite format. Ordet kjem frå latin minium, namnet på ein raudfarge som på norsk heiter mønje. Ein som måla bilete i handskrifter med mellom anna mønje blei kalla miniator. Saman med ordet minimum, 'minst' blei alle slike små utsmykningar og etterkvart alle typar små måleri kjende som miniatyrar.
Miniatyrmåleri er kjend frå det gamle Egypt, Hellas og Romarriket. I det kristne Vest-Europa byrja ein illuminera initialar, store bokstavar først i ein tekst, med ulik ornamentikk. Ein pynta mellom anna evangelium, som Book of Kells eller Lindisfarne-evangeliet, tidebøker og psalterium med miniatyrmåleri. I europeisk seinmellomalder blei portrettminiatyr ei utbreidd miniatyrform, med Jean Clouet, Hans Holbein den yngre og Samuel Cooper som viktige utøvarar. Portrettminiatyret hadde ei stordomstid på 1700-talet, då minibilete blei måla til medaljongar, kapslar og liknande, ofte på elfenbein.
Persisk miniatyrmåleri oppstod rundt 1200-talet etter møte med kinesisk kunst. Det fann si klassiske utforming på 1400- og 1500-talet ved kultursentera Herat, Tabriz og Shiraz, og kan vera laga som bokillustrasjonar eller blad som er samla i album (muraqqa). Mogulriket i India og Det osmanske riket med senter i Tyrkia vidareutvikla kunstforma til mogulminiatyr og osmansk miniatyr. Miniatyrar blei brukte til å illustrera soger, historieverk og dikt, som Den iranske kongeboka, Baburnama og Fugleforsamlinga. I India fanst allereie lokale miniatyrtradisjonar med måleri på palmeblad og i djainmanuskript. Mogul- og lokal kunst blanda seg til ulike kunstnarskular for miniatyrmåleri, som rajasthani- eller radsjputmåleri,
Palekh-miniatyrar er kjende frå russisk folkekunst, og oppstod på 1900-talet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Europeisk portrettminiatyr etter Rogier van der Weyden.
-
Indisk miniatyr frå 1400-talet, før mogultida.
-
Engel med blåseinstrument. Persisk miniatyr frå rundt 1500.
-
Tyrkisk illustrasjon til Shahnameh frå rundt 1580.
-
Adelskvinne. Mogulminiatyr frå 1600-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- jainsmus, Miniature Paintings in Jain Manuscripts
- Tschudi-Madsen, Stephan (14. februar), «Miniatyr», Store norske leksikon, henta 20. november 2013
- Blom, Hege (21. oktober), «Islam: kunst», Store norske leksikon, henta 20. november 2013