Minija
Utsjånad
Minija | |||
elv | |||
Kart som viser Minija
| |||
Land | Litauen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 978 km² | ||
Lengd | 202 km | ||
Middelvassføring | 38,7 m³/s | ||
Kjelde | Didovo | ||
Munning | Nemunas | ||
Minija 55°21′00″N 21°17′00″E / 55.35°N 21.283333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Minija |
Minija er ei elv vest i Litauen med ei lengd på 202 km og som er ei av sideelvane til Nemunas. Elva spring ut nær den vesle elva Didovo og innsjøen Sydeklis, 14 km sør for Telšiai. Den vesle elva som renn ut frå Sydeklis vert kalla Mava, mellom Ilgis og Pluotinalis - Kliurkė og først etter innsjøen Didovo får ho namnet Minija.
Minija renn gjennom innsjøane Ilgis, Pluotinalis og Didovo, og byane Gargždai og Priekulė før ho når bielva Atmata i Nemunas sitt elvedelta.
I 1873 vart det bygd ein kanal frå Minija til hamna i Klaipėda.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]- Venstre: Pala, Alantas, Žvelsa, Agluona, Veiviržas, Tenenys
- Høgre: Sausdaravas, babrungas, Mišupė, Salnatas
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Minija» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2008.