Morfevs
Utsjånad
Morfevs | |||
| |||
Mor | Aglaia, Nyx | ||
---|---|---|---|
Far | Hypnos |
Morfevs (gresk Μορφεύς) eller Morfeus er ein gresk gud for søvn og særleg draumar. Han er son av Hypnos, søvn, og har sjølv tusen søner som står for dei ulike andleta til draumane.
Morfevs er meir ein litterær enn ein religiøs gud. Han er nemnd i Odysseen av Homer og i Metamorfosar av Ovid
Etter antikken
[endre | endre wikiteksten]I The Faerie Queene av Edmund Spenser frå 1590 blir det fortald at Morfevs bur på ei seng av elfenbein i ei mørk hòle pynta med valmuar.
Det narkotiske stoffet morfin er kalla opp etter Morfevs.
Moderne utgåver
[endre | endre wikiteksten]Morfevs opptrer også i moderne populærkultur, mellom anna i teikneserien The Sandman av Neil Gaiman, boka The Last Olympian av Rick Riordan, filmen The Matrix, fjernsynsserien Xena Warrior Princess og dataspelet God of War: Chains of Olympus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Morfevs» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Morpheus» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2010.