Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Moskvatid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russlands tidssoner. Moskvatid i raudt.
Tidssoner i Europa:
blå Vesteuropeisk tid (UTC+0, Greenwich middeltid)
Vesteuropeisk sommartid (UTC+1)
lyseblå Vesteuropeisk tid (UTC+0)
raud Sentraleuropeisk tid (UTC+1)
Sentraleuropeisk sommartid (UTC+2)
gul Kaliningradtid (UTC+2)
oker Austeuropeisk tid (UTC+2)
Austeuropeisk sommartid (UTC+3)
grøn Moskvatid (UTC+3)
Bleik farge viser at landa ikkje har sommartid.

Moskvatid (russisk: моско́вское вре́мя – moskovskoje vremja), forkorta MSK, er ei tidssone som omfattar byen Moskva og det meiste av den europeiske delen av Russland, inkludert Sankt Petersburg. Ho er den nest vestlegaste av dei ni tidssonene i Russland.

Den 27. mars 2011 vart det innført «permanent sumartid» i heile Russland i samanheng med overgangen til sumartid.[1] Moskvatida blei då låst til fire timar framføre UTC (UTC+4). Den 26. oktober 2014 blei dette endra igjen, og Russland har etter dette «permanent vintertid». Dermed ligg Moskvatid no tre timar framføre UTC UTC+3.[2].

I følgje eit dekret frå Folkekommissærane sitt råd frå 16. juni 1930 blei det innført dekrettid, som innebar at det blei lagt til ein time for alle tidssonene i Sovjetunionen, slik at moskvatid blei liggande tre timer føre UTC.

Moskvatid blir brukt til rutetabellar for tog, fly, skip, osb. over heile Russland. Moskvatid blir òg registrert på telegram og liknande, og blir ofte også brukt av radio- og TV-stasjonar over heile landet.

Moskvatid blir nytta av heile Russland vest for Uralfjella, med unnatak av Kaliningrad oblast som nyttar austeuropeisk tid (UTC+2), Samara oblast og Udmurtia som nyttar samaratid (UTC+4), og Perm kraj, Basjkortostan og Orenburg oblast som nyttar jekaterinburgtid (UTC+5).

Tidlegare blei moskvatid også nytta i dei europeiske delane av Sovjetunionen:

I åra mellom 1922-30 og 1991-92 nytta Moskva austeuropeisk tid.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Russia Abolishes Winter Time». Timeanddate.com. 28. februar 2011. Henta 26. november 2014. 
  2. «Russia Turns Clocks Back to «Winter» Time». RIA Novosti. 26. oktober 2014. Henta 26. november 2014.