Murat Su
Utsjånad
Murat Su | |||
elv | |||
Murat Su
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 722 km | ||
Kjelde | nær Ararat nord for Vansjøen | ||
• høgd | 2 720 moh. | ||
- koordinatar | 39°24′N 43°45′E / 39.400°N 43.750°E | ||
Munning | Karasu nær Keban i provinsen Elazığ | ||
- koordinatar | 38°48.25′N 38°45.25′E / 38.80417°N 38.75417°E | ||
Murat Su 39°22′54″N 43°18′52″E / 39.3817°N 43.3144°E | |||
Wikimedia Commons: Murat River |
Murat Su (tyrkisk òg Murat Nehri) eller Aust-Eufrat er den største kjeldeelva til Eufrat. Ho vart òg kalla «Arsanias» (armensk Արածանի) i antikken. Elva spring ut nær Ararat nord for Vansjøen, aust i Tyrkia, og renn vestover i 722 km gjennom fjellområda.
Før bygginga av Kebandemninga mottok Murat Su Karasu, 10 km nord for demninga og 13 km nord for byen Keban.[1] Kebandemninga var den største demninga i Tyrkia då ho stod ferdig i 1974, og vart laga i samband med vasskraftutbygging.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Murat River» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Soccer On Frozen-elva». Turkish Daily News. 31. desember 2004.
- ↑ «Murat River». Encyclopædia Britannica. Henta 13. august 2012.