Myrhatt
Utsjånad
Myrhatt | |
Myrhatt | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Slekt: | Myrhattslekta Comarum |
Art: | Myrhatt C. palustre |
Vitskapleg namn | |
Comarum palustre |
Myrhatt (Comarum palustre) er ein fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 30 cm høg, og har krypande jordstengel og opprett stengel. Blada er mørkgrøne ovanpå og blygråe under. Blomen har smalblada ytterbeger og store begerblad som er mørkt purpurraude innvendes. Han har brunsvarte kronblad som er halvt så lange som begerblada. Beger og krone sit på til fruktene er mogne.
Myrhatt blomstrar kring juni månad på våte stader, myrar og grunt vatn. Arten er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1350 m på Hardangervidda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Kråkklöver» frå Wikipedia på svensk, den 24. september 2010.