Nadym
Nadym Надым | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Jamalo-Nenetsk | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1598 1972 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
48 245 | ||||
Koordinatar | 65°32′00″N 72°31′00″E / 65.53333°N 72.51667°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | +7 3499 | ||||
Nettstad: www.nadymregion.ru |
Nadym (russisk Нады́м) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg 7 km vest for elva Nadym og rundt 290 km søraust for Salekhard.
Opphavet til bynamnet er usikkert. Ein av dei mest trulege versjonane er at det er avleidd av det nenetsiske ordet njaidem, som tyder «mosegrodd plass».
Nadym vart nemnd i russiske kjelder første gong i 1598 og han dukka opp på russiske kart på 1700-talet. Men på andre halvdel av 1800-talet vart busetnaden forlaten. I 1968 vart han oppretta på ny etter at naturgassfeltet «Medvezje» året før vart oppdaga like ved. Busetnaden fekk bystatus 9. mars 1972.
Hovudverksemda i byen er Nadymgazprom, som står for 40 % av den totale gassproduksjon i Russland. Det er òg fleire store selskap innan byggebransjen i byen.
Nadym lufthamn ligg 9 km søraust for byen.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Nadym» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.