Nakh-språk
Utsjånad
Nakh-språk er ei lita språkgruppe som blir snakka i republikkene Tsjetsjenia og Ingusjetia i Russland og i Georgia.
Nakh-språka vert no sett på som ein grein av den dagestanske språkfamilien. Tidlegare vart dei likevel klassifisert som ein separat nord-sentral kaukasisk språkfamilie.
Klassifisering
[endre | endre wikiteksten]- Vainakh-språk, eit dialektkontinuum med to skriftspråk:
- Tsjetsjensk – rundt 1 300 000 brukarar.
- Ingusjisk – rundt 230,000 brukarar.
- Batsisk eller batsbi – rundt 3 500 brukarar, hovudsakleg i Zemo-Alvani i Georgia. Ikkje gjensidig forståeleg med tsjetsjensk eller ingusjisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nakh-språk» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2017.