Niagara Falls av Chicago
Utsjånad
Niagara Falls Singel av Chicago frå albumet Chicago 18 | ||
B-side |
«I Believe» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1987 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:43 | |
Selskap | Full Moon/Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Steve Kipner, Bobby Caldwell | |
Produsent | David Foster | |
Chicago-kronologi | ||
«If She Would Have Been Faithful...» (1987) |
Niagara Falls | «I Don't Wanna Live Without Your Love» (1988)
|
«Niagara Falls» er den fjerde singelen til det amerikanske rockebandet Chicago, frå albumet Chicago 18 i 1986. Jason Scheff og Bill Champlin delte på å synge songen. Bandet stava «Niagara» feil som «Niagra», og dette kan ein sjå igjen i titlane på albumet og musikkvideoen.
Etter suksessen med singlane «Will You Still Love Me?» (3. plass i USA) og «If She Would Have Been Faithful...» (17. plass), nådde «Niagara Falls» berre 91. plassen på Billboard Hot 100-lista.[1]
Video
[endre | endre wikiteksten]Som dei fleste av musikkvideoane til Chicago seint i 1980-åra var det mange forskjellige folk i videoen. Hovudsoga omfatta eit par som prøvde å få ting til å fungere. Bandet er ikkje med i videoen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Niagara Falls (Chicago song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chicago 18 Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.