Nilkrokodille
Nilkrokodille | |
Nilkrokodille | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av nilkrokodille | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Krokodilleordenen Crocodilia |
Familie: | Krokodille Crocodylidae |
Slekt: | Crocodylus |
Art: | Nilkrokodille C. niloticus |
Vitskapleg namn | |
Crocodylus niloticus |
Nilkrokodillen (Crocodylus niloticus) er ein stor krokodilleart som lever i Afrika. Han høyrer til mellom dei største artane i familien, og er farleg både for dyr og menneske.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Nilkrokodilla høyrer til mellom dei største krokodilleartane i verda. Dei største eksemplara ein har funne var over seks meter lange og vog 750 kg. Sjå òg krokodille-artikkelen.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Nilkrokodillar førekjem i innsjøar, elvar, våtmarkar og sumpar over nesten heile Afrika og på Madagaskar.
Nilkrokodillen og mennesket
[endre | endre wikiteksten]Nilkrokodillar hadde ei særs viktig rolle i gamal-egyptisk religion. Guden Sebek hadde sogar krokodillehovud, og byen Krokodiliopolis var i sin heilskap vigd til han og krokodillane hans. Det er funne ei rekke balsamerte nilkrokodillar fleire stadar i landet.
Nilkrokodillen er òg det dyret som drep flest menneske i Afrika på årsbasis.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse,1990
- Menneskenes liv og historie, Carl Grimberg
- Denne artikkelen bygger på «Crocodylus niloticus» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2006.