Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Nuoro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nuoro
by
Land  Italia
Region Sardinia
Provins Nuoro
Areal 192,06 km²
Folketal 33 850  (1. januar 2023)
Postnummer 8100
Retningsnummer 0784
Kart
Nuoro
40°19′12″N 9°19′41″E / 40.3200621°N 9.3280792°E / 40.3200621; 9.3280792
Wikimedia Commons: Nuoro

Nuoro (sardisk Nùgoro) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen NuoroSardinia og har om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg i fjellsida av Ortobene og vart grunnlagd under fascistperioden og er det administrative senteret i eit av dei minst folkesette områda i Europa.

Han ligg i dei sentrale fjella på Sardinia med flott utsyn over omgjevanadane. Nuoro har vorte kalla «Sardinia sitt svar på Aten» på grunn av dei mange diktarane, forfattarane og intellektuelle som her tok del i den forholdsvis originale kulturen.[1]. Han er heimstad for Grazia Deledda, som vann nobelprisen i litteratur i 1926. Provinsen har vore heimstad til andre kunstnarar og vitskapsfolk, som skulptøren Francesco Ciusa Romagna.

Ein annan kjend forfattar frå Nuoro er Salvatore Satta.

Området er kjent for den lange levealderen til menneskene i område, som Antonio Todde som frå 5. mars 2001 til 3. januar 2002 var verdas eldste mann med ein alder på 112 år..

  1. «Atene sarda. Storia di vita nuorese 1886-1946», Elettrio Corda, Rusconi 1992, ISBN 88-18-12101-4