Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Nyklering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyklering

Ein nyklering eller nøklering er ein ring til å feste nyklar og andre småting på.

Ringen er vanlegvis laga av metall eller plast, med to lykkjer. Båe endane av lykkja kan opnast slik at ein nykel kan trædast på og glide langs med spiralen til han er festa på ringen. I tillegg til nyklar, kan nykleringar ha brikker eller andre kjenneteikn på slik at dei lettare kan skiljast frå andre ringar.