Olga Kaniskina
Olga Kaniskina | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 19. januar 1985 (39 år) Napolnaja Tavla |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Venskapsordenen |
Olga Nikolajevna Kaniskina (fødd 19. januar 1985) er ein russisk friidrettsutøvar frå Mordvina som i 2007 vart verdsmeister og i 2008 olympisk meister i 20 km kappgang. Ho vann også same distansen ved VM 2009, EM 2010 og VM 2011, dessutan vart ho tildelt sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 2012, alle desse fire medaljane vart i 2015 annullerte av Det internasjonale friidrettsforbundet.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kaniskina kneip sølvmedaljen ved friidretts-EM 2006 i Göteborg, to sekundar fram Elisa Rigaudo frå Italia som gjekk inn til bronse. Året etter vann ho kappgangen ved VM 2007 i Osaka, vel halvminuttet framom dei to andre medaljevinnarane. Under dei olympiske sommarleikane 2008 tok Kaniskina gullmedaljen, 36 sekundar framom Kjersti Plätzer frå Noreg.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Både ved VM 2009, EM 2010 og VM 2011 gjekk Kaniskina fyrst i mål i 20 km kappgang. Under Sommar-OL 2012 leia ho heilt til oppløpet, men stivna og vart slått av landskvinna Jelena Lasjmanova med to sekundar. Med grunnlag i uvanleg store endringar i hennar såkalla biologiske pass, vart ho i 2015 og 2016 frådømt alle plasseringane oppnådd i tida etter 15. juli 2009. Gjennom den tida ho vart dømd for å ha vore dopa, sanka Kaniskina 135 000 US-dollar i premiepengar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 1.28.35, bakom Ryta Turava (1.27.08)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 1.30.09, framom Tatjana Sjemjakina (1.30.42)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 1.26.31, framom Kjersti Plätzer (1.27.07)
- VM 2009 i Berlin: Annullert gullmedalje – 1.28.09
- EM 2010 i Barcelona: Annullert gullmedalje – 1.27.44
- VM 2011 i Daegu: Annullert gullmedalje – 1.29.42
- OL 2012 i London: Annullert sølvmedalje – 1.25.09
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olga Kaniskina» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2018.
- «Olga Kaniskina» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1985
- Russiske kappgjengarar
- Olympiske meistrar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Verdsmeistrar i friidrett for Russland