Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Op art

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på op art

Op art (av optical art, optisk kunst) eller op-kunst er abstrakt kunst som gjer bruk av optiske illusjonar.[1]

Ved å bruka vekslande sorte og kvite felt eller andre kontrastfarge kan til dømes kunstnara få verk til å sjå ut som om dei vibrerer eller flimrar.

Omgrepet blei føst brukt i Time Magazine i 1964, i samband med Julian Stanczak si utstilling Optical Paintings at the Martha Jackson Gallery.[2][3] Då hadde kunstnarar allereie laga kunst av denne typen i fleire år. Det første op art-verket skal vera Zebras (1938) av Victor Vasarely. Dette består av horisontale svarte og kvite striper som bøyer seg slik at det oppstår eit tredimensjonalt inntrykk av ein sitjande sebra. Retninga kan førast tilbake til nyimpresjonisme, kubisme, futurisme, konstruktivisme og dadaisme.[4]

Op art-kunstnarar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Artspeak, Robert Atkins, ISBN 978-1-55859-127-1
  2. Jon Borgzinner. "Op Art", Time, October 23, 1964.
  3. «Op-Art: History, Characteristics». www.Visual-Arts-Cork.com. Henta November 5, 2017. 
  4. «The Collection - MoMA». The Museum of Modern Art. Henta 5. november 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Op art