Oskar
Oskar og Oscar er mannsnamn brukt i fleire vesteuropeiske kulturar. Namnet er truleg avleidd frå norrønt Ásgeirr ('gud' + 'spyd'), men er best kjend frå irsk mytologi som namnet på sonen til Oisín. Den vestfrankiske forma av namnet er Ansgar.
Oskar har namnedag den 5. august i Noreg og den 1. desember i Sverige.
Det var i 2007 2 646 som hadde Oskar og 1 643 menn som hadde Oscar som første fornamn i Noreg (SSB). Namnet er også mykje brukt som andre del i namnesamansetjingar (som Karl Oskar).
Skrivemåten med c var vanleg på slutten av 1800-talet, men gjekk ned fram mot 1900, då forma med k blei meir utbreidd. Rundt 1900 fekk opptil 1,3 prosent av alle nyfødde namnet Oskar. Begge namneformene auka i bruk frå slutten av 1990-åra. Ein har hatt ei liknande namneutvikling i Sverige. Dette kan ha samanheng med dei norsk-svenske kongane Oscar I (regjerte 1844–1859) og Oscar II (regjerte 1872–1905/07). Namnet Oscar blei opphavleg teke inn i den svenske almanakken i 1812, for å heidra Oscar (I) Bernadotte.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Regentar
[endre | endre wikiteksten]Andre
[endre | endre wikiteksten]- Oscar Nissen (1843-1911), norsk Ap-leiar
- Oscar Wergeland (1844-1910), norsk kunstmålar
- Oscar Mørch (1845-1897), norsk stortingsmann
- Oscar Tybring (1847-1895), grunnleggjar av Redningsselskapet
- Oscar Wilde (1854-1900), britisk diktar
- Oskar Braaten (1881-1939), norsk forfattar
- Oscar Mathisen (1888-1954), norsk skøyteløpar
- Oscar Torp (1893-1958), norsk statsminister
- Oscar Christian Gundersen (1908-1991), norsk politikar (Ap)
- Oskar Øksnes (1921-1999), norsk politikar (Ap)
- Oscar Peterson (1925-2007), USA-amerikansk jazzpianist
- Oscar de la Renta (f. 1932), dominikansk moteskapar
- Oskar Stein Bjørlykke (f. 1939), norsk forfattar
- Óscar Arias Sánchez (f. 1940), kostarikansk politikar og fredsprisvinnar
- Oskar Lafontaine (f. 1943), tysk politikar
- Óscar Berger (f. 1946), president i Guatemala
- Oskar Grimstad (f. 1954), norsk politikar (FrP)
- Oscar Pérez (f. 1973), meksikansk fotballmålvakt
- Óscar Cardozo (f. 1983), paraguayansk fotballspelar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Oskar hjå Statistisk Sentralbyrå