Patriarkgrotta
Patriarkgrotta | |||
Ibrahimimoskeen, hebraisk מערת המכפלה, arabisk الحرم الإبراهيمي, Abraham-heilagdomen, Machpelah-grotta | |||
landsby | |||
Sett frå sør
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Stad | Hebron | ||
- koordinatar | 31°31′29″N 35°06′39″E / 31.524744°N 35.110726°E | ||
Patriarkgrotta 31°31′29″N 35°06′39″E / 31.524672222222°N 35.110758333333°E | |||
Kart som viser Patriarkgrotta.
| |||
Wikimedia Commons: Cave of the Patriarchs |
Patriarkgrotta eller Machpelah-grotta (hebraisk מערת המכפלה, Me'arat ha-Machpela, tyder «grotta med doble graver»), av muslimane kjend som Abraham-heilagdomen eller Ibrahimi-moskeen (arabisk الحرم الإبراهيمي, Al-Haram Al-Ibrahimi).
Grotta ligg under ein moské frå Saladin-tida og er omgjort frå ein stor, rektangulær struktur frå Herodes-tida, ei rekkje underjordiske kammer i hjartet av gamlebyen i Hebron (Al-Khalil) i Hebronfjella. I følgje tradisjonen er han knytt til både Første Mosebok og Koranen der grotta og området rundt vart kjøpt av Abraham som gravplass. Ein trur at Abraham, Isak, Jakob, Sara, Rebekka og Lea, som vert rekna som patriarkar og matriarkar av jødane, alle er gravlagd der. Den einaste matriarken som manglar er Rakel, som ein trur er gravlagd nær Betlehem der ho døydde under ein fødsel.[1] Det arabiske namnet på grotta syner kor viktig Abraham er for muslimane som ein profet i Koranen og patriark gjennom Ishmael. Utafor bibelske og koranske kjelder er det mange segner og tradisjonar knytte til grotta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cave of the Patriarchs» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Patriarkgrotta ved chabad.org
- Grava til patriarken - bilete ved sacred-destinations.com