Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Per Fugelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Fugelli

Fødd7. desember 1943
Sandnes kommune
Død13. september 2017
Klepp kommune
NasjonalitetNoreg
Områdesosialmedisin, allmennmedisin
Yrkelege, professor, samfunnsdebattant, faglitterær forfattar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnAksel Fugelli

Per Fugelli (7. desember 194313. september 2017) var sidan 1992 professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo. Han var òg professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen i tida mellom 1984 og 1992, i tillegg til distriktslækjar i Værøy og Røst i tre år og i Porsanger i tre år. Fugelli var fødd i Stavanger og tok grada cand.med. i 1969, og Dr.med. i 1978.

Han var også kjend som ein ivrig samfunnsdebattant og tok sidan tidleg på 90-talet del i ei rekkje debattprogram, både på TV og i radio. Fugelli var med i styringsgruppa i Verdikommisjonen.

I eigenpresentasjonen på Universitetet sine nettsider står:

Både i forskning og undervisning er han opptatt av hvordan fordeling av makt og goder i samfunnet påvirker menneskenes helse. Det dreier seg ikke bare om makt og goder i økonomisk forstand, men også om fordeling av verdier som trygghet, frihet og verdighet.

Fugelli markerte seg mellom anna som motstandar av den nye røykelova og argumenterte for at anti-røyke-kampanjane gjer røykarane sin kvardag sur. Han var krass mot dei som vil styre folk si helse, og kritiserte fleire gongar tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten. Han sa at «kristne moralister og ortodokse sosialister har til alle tider villet bestemme over folk. Nå har disse kreftene forkledd seg i hvite frakker. Formynderstaten har gjemt seg bak helsens edle motiver. Og det er dette jeg advarer mot, mot å la seg forføre og forlede». Han kritiserte òg tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland for hennar utfall mot røyking.

Sidan 1975 gav han ut eller var medforfattar i nesten 50 bøker. Han er far til forfattaren Aksel Fugelli, og skreiv boka Fribrev (1992) saman med han.

Fugelli fekk Karl Evangs pris i 2010. I 2013 vart han tildelt Fritt Ords Pris « for å ha gitt en stemme til kreftsyke og de som står ansikt til ansikt med døden.»[1]

Nokre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Doktor på Værøy og Røst ; Lege på Utrøst, (1977). Ny utgave 2006: ISBN 82-8104-045-9
  • Rød resept. Essays om perfeksjon, prestasjon og helse. Oslo: Tano, 1999.
  • 0-visjonen. Essays om helse og frihet. Oslo: Universitetsforlaget, 2003.
  • Nokpunktet : essays om helse og verdighet, Universitetsforlaget (2008) ISBN 978-82-15-01347-3
  • Helse på norsk : god helse slik folk ser det, Gyldendal (2009) ISBN 978-82-417-1125-1
  • Døden, skal vi danse?, Universitetsforlaget (2010) ISBN 978-82-15-00907-0
  1. «Fritt Ords Pris for 2013 går til Per Fugelli», www.frittord.no, arkivert frå originalen 15. januar 2019, henta 15. januar 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Per Fugelli