Perea
Perea («landet bortatom» på gresk), ein del av kongedømet til Herodes den store okkuperte austsida av Jordanelva, frå kring ein tredjedel ned frå Genesaretsjøen til kring ein tredjedel ned austsida av Daudehavet. Det strekte seg ikkje veldig langt inn i landet. Tradisjonelt sett er grensene rekna for å vere austbreidda av Jordanelva mellom elvane Arnon (Wadi Mujib) og Hieromax (Yarmoukelva). [1] Arkivert 2012-09-24 ved Wayback Machine. Kongedømet til Herodes var delt av romarane til eit tetrarki, der Herodes Antipas fekk både Perea og Galilea.
Perea er området som var busett av dei isralittiske stammene Reuben, Gad, og den halve stamma Menasseh.
Andre stader kalla Perea
[endre | endre wikiteksten]Dei kristne armenarar som vart deporterte frå Armenia og tvangsbusett i Ny-Julfa/Isfahan-regionen i Iran kalla ein stor landsby Perea etter Perea i Israel.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Perea» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2014.