Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Periferieininga Flórina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Flórina
Περιφερειακή ενότητα Φλώρινας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Makedonía
Hovudstad Flórina
Folketal 44 880 (2021[1])
Areal 1 924 km² Rangering 34.
Folketettleik 23/km²
Kommunar 3
Postnummer 53x xx
Retningsnummer 238x0, 246x0
Bilnummer PA
Heimeside www.florina.gr

Periferieininga Flórina (gresk Περιφερειακή ενότητα Φλώρινας), Periferiakí enótita Flórinas) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Flórina.

Florina grensar til periferieiningane Pélla i aust, Kozáni i sør, Kastoriá i sørvest. I nordvest ligg Albania og Préspasjøen, medan nabolandet Nord-Makedonia ligg i nord. Elva Aliákmonas renn i sørvest.

Av fjell finn ein Vérno (2 128 m) i sørvest, Varnoúndas (2 117 m) og Vóras (Nidže) (2 524 m), som er det høgaste fjellet, i nordaust nær Pélla og Nord-Makedonia.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Flórina eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Flórina Préspes Krystallopijí 530 77 23850-45
Préspes 530 77 23850-51
Flórina Flórina 531 00 23850-2
Káto Klinés 531 00 23850-1
Melíti 530 71 23850-42
Pérasma 531 00 23580-3
Amýndeo Amýndeo 532 00 23860-2
Aetós 530 75 -
Filótas 530 70 24630-41
Lékhovo 530 73 23850-45
Nymféo 530 78 23860-3
Varikó 500 05 24670-94

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Flórina Flórina 17 686 17 188
Amýndeo Amýndeo 3 671 3 779
Filótas Amýndeo 1 772 1 429
Melíti Flórina 1 432 1 212
Ammokhóri Flórina 1 250 1 077
Xinó Neró Amýndeo 1 081 907
Armenokhóri Flórina 986 846
Ájos Pandelímonas Amýndeo 984 784
Lékhovo Amýndeo 1 115 782
Aetós Aetós 759 668

Referansar

[endre | endre wikiteksten]