Periodisk funksjon
Utsjånad
Ein periodisk funksjon er i matematikken ein funksjon der funksjonsverdiane gjentar seg regelmessig. Funksjonen f(t) er periodisk med perioden P dersom han for alle argument t oppfyller likninga
Som døme er sinus-funksjonen periodisk med periode 2π, idet
Periodiske funksjoner kan nyttast til å skildre bølgjer og oscillasjonar.
Funksjoner av ein kompleks variabel kan vere dobbelt-periodisk, det vil sei ha to ulike periodar knytt til høvesvis den reelle og den imaginære delen av argumentet. Elliptiske funksjoner er døme på dobbelt-periodiske funksjoner.
Eit mål på periodisiteten til eit tidsforløp er den såkalla autokorrelasjonsfunksjonen.
Periodiske funksjoner kan skrivast som fourierrekkjer.
Døme:
- Sinus- og cosinus-funksjonane er begge periodiske med perioden 2π.
- Sagtannbølgje
- Firkantbølgje
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Periodisk funksjon» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2012.