Perth
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Perth (fleirtyding).
Perth | |||
by | |||
Foto: Dietmar Rabich | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Del av | Vest-Australia | ||
Areal | 6 418 km² | ||
Folketal | 2 141 834 (30. juni 2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1829 | ||
Tidssone | AWST (UTC+8) | ||
Perth 31°57′21″S 115°51′35″E / 31.955833333333°S 115.85972222222°E | |||
Wikimedia Commons: Perth, Western Australia |
Perth er ein by i Australia og delstatshovudstad i Vest-Australia. Han har over 2,1 millionar innbyggjarar, rundt tre fjerdedelar av innbyggjarane i delstaten, og er den fjerde største byen i landet. Perth ligg langs breidda av Swan River, 15 km frå utløpet. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og industriområde. Klimaet er mildt, subtropisk og solrikt.
Perth-området var opphavleg folkesett av aboriginske noongarar. Byen blei grunnlagd av britiske nybyggjarar i 1829 på grunn av frykt for fransk kolonisering av området. I 1901 hadde han berre 36 274 innbyggjarar. Sidan 1950-åra har folketalet vokse mykje gjennom innvandring; først frå Sør-Europa, deretter frå Aust-Europa, Asia og Sør-Afrika.
Perth har petroleumsraffineri, stålverk, forbruks- og næringsmiddelindustri. Store delar av økonomien baserer seg på gruvedriften i Vest-Australia. Det finst to universitet her, det første grunnlagd i 1911 og det andre i 1975. Det finst ei katolsk og ei anglikansk domkyrkje her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Perth – Australia» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Perth» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2011.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Regional population, 2020-21 financial year | Australian Bureau of Statistics» (på engelsk). 29. mars 2022. Henta 24. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med Australia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.