Peter Klodt
Peter Klodt | |
Verkeleg namn | Пётр Карлович Клодт, Pjotr Karlovitsj Klodt |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 5. juni 1805 St. Petersburg |
Død |
20. november 1867 (62 år) |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar, biletkunstnar, arkitekt |
Far | Karl Gustav Clodt von Jürgensburg |
Ektefelle | Q123735043 |
Born | Michail Petrowitsch Klodt, Vera Clodt von Jürgensburg, Q110293079 |
Peter Klodt på Commons |
Peter Jakob Klodt von Jürgensburg (8. juni 1805–20. november 1867) var ein russisk bilethoggar. Han var ein kunstnar tsar Nikolaj I sette særleg stor pris på.
Klodt var fødd i St. Petersburg, og stamma frå ein høgt akta tyskbaltisk familie. Han byrja sin livsveg som offiser ved artilleriet. På fritida dreiv han med bilethogging, og vitja kurs ved St. Petersburgs kunstakademi. Her synte han meisterskap i å framstille hestar, noko tsaren rosa han for. Nikolaj I skal ha ytra at Klodt lagar hestar vakrare enn alle mine premierte hingstar.
Den mest kjende gruppa av hestestatuar som Klodt laga, dei to Hestetemjarane, vart i året 1842 av tsar Nikolaj I skjenka kongen av Preussen, Fredrik Vilhelm IV. Denne stilte ut begge skulpturgruppene fram om byslottet i Berlin. I dag står dei framfor kammerretts-bygningen i Heinrich-von-Kleist-parken. År 1843 kom han med ei gjentaking av begge Hestetemjarane. Men fyrst i 1850 vart dei montert på Anitsjkov-brua i St. Petersburg. Desse er til denne dag halden i god stand. Likeså fekk kongen av Napoli kopiar av begge Hestetemjarane“, som sidan har stått på Piazza del Re.
Klodt laga også bronsestatuen Ivan Krylov (1855), i dag står ho i sommarhagen i St. Petersburg. Ho var den fyrste i sitt slag som i Russland vart reist til minne om ein diktar. Klodt samarbeidde med Vasilij Demut-Malinovskij då det vart laga minnesmerke over den heilage Vladimir i Kiev, og sameleis med statuane på Triumfporten på Narvaplassen i St. Petersburg.
Klodts siste minneverdige verk var ei avskjedshelsing til velgjeraren sin. Ei ryttarstatue av Nikolai I som vart plassert på Isaaksplassen. Statuen var den fyrste ryttarstatuen i heile verda med einast to støttepunkt, ettersom hesten var fanga i det han steilar og såleis einast står på bakbeina.
Klodt døydde i 1867 på landstaden sin i Finland. Sonen og særleg brorsonen Mikhail Klodt førte vidare dei kunstnariske familietradisjonane og vart kjende målarar gjennom Peredvizjnikij-rørsla.
Hestetemjarar (utval)
[endre | endre wikiteksten]-
Ein hestetemjar i St. Petersburg
-
Ein av dei to hestetemjarane i Berlin
-
Hestetemjaren i Napoli
-
I Napoli
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «de:» frå Wikipedia på tysk, den 6. september 2010.