Pianokonsert nr. 14 av Mozart
K. 449 Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1784 | ||
Typisk lengd | 21:57 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | Ess-dur |
Pianokonsert nr. 14, K. 449, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i 1784 som ein pianokonsert i Ess-dur. Han er den første komposisjonen han skreiv inn i notebok han skreiv i dei neste sju åra, der han skreiv ned hovudtema, når dei var ferdige og anna viktig informasjon. Frå denne noteboka har ein informasjon om at konserten var ferdig den 9. februar.
Same året skreiv han fleire konsertar, og i eit brev til faren i mai, skreiv han om den 15. og 16. konserten (i B og i D, KV. 450 og 451) at han «ikkje kunne velje mellom dei», men at den i Ess, «ikkje i det heile høyrte til same kategori. Han er ganske særeigen...» Konserten er rekna som den første av dei seinare konsertane Mozart skreiv, og ekspertar som Girdlestone og Hutchings har derfor rekna han som blant dei beste, særleg fordi alle tre satsane held høg standard.
Satsar
[endre | endre wikiteksten]Konserten har tre satsar:
- Allegro vivace. (3/4).
- Andantino. (B-dur og 2/4-takt).
- Allegro ma non troppo. (2/2).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 14 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Einstein, Alfred. Mozart: His Character, His Work. London: Oxford University Press. First Edition: 1945. Translated from the German by Arthur Mendel and Nathan Broder. s. 301.
- Girdlestone, Cuthbert Morton. Mozart and his Pianokonserts. New York: Dover Publications. 1964. "Unabridged and uncorrected republication of the second (1958) edition of the work first published i 1948 by Cassell & Company, Ltd., London, under the title Mozart's Pianokonserts." ISBN 0-486-21271-8. Esp. s. 174-192.
- Keefe, Simon s. (November 2001). «An Entirely Special Manner: Mozart's Pianokonsert nr. 14 i E Flat, K.449, and the Stylistic Implications of Confrontation». Music&Letters (Oxford University Press) 82 (4): 559–581. ISSN 0027-4224. Henta 17. januar 2007. (notes that the opening sats was begun i 1782)
- Mozart, Wolfgang Amadeus. Pianokonserts Nos. 11-16 New York: Dover Publications. 1987. ISBN 0-486-25468-2. s. 105-140. Contains the score of the concerto.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Konzert in Es KV 449: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Piano Concerto No. 14: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.