Pickeringitt
Utsjånad
Pickeringitt | |||
Kobolt-rik pickeringitt frå dei nordlege Slanskéfjella i Prešov-regionen i Slovakia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | MgAl2(SO4)4·22(H2O) | ||
Strunz-klassifisering | 7.CB.85 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin sfenoidal H-M-symbol: (2) Romgruppe: P 2 | ||
Einingscelle | a = 20.8 Å, b = 24.2 Å, c = 6.18 Å; β = 95°; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit; kan ha tonar av gul, grøn, eller raud på grunn av ureinleikar | ||
Krystallform | Sjeldan som nålforma krystallar, radiale eller matteaktige samlingar; typisk som skorper og utfellingar | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | Dårleg på {010} | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 1.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Transparens | Delvis gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 1.73–1.79 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.476 nβ = 1.480 nγ = 1.483 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.007 | ||
2V-vinkel | Målt: 60° | ||
Oppløyselegheit | Fullstendig oppløyseleg i vatn | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Pickeringitt er eit fibrig mineral med silkeaktig glans og oftast kvitt. Det har den kjemiske formelen MgAl2(SO4)4· 22H2O. Mineralet vert danna sekundært ved forvitring av pyrittførande bergartar.
Det vart først skildra i 1844 etter ein førekomst i Cerros Pintados i Pampa del Tamarugal i provinsen Iquique, regionen Tarapacá i Chile. Det vart kalla opp etter den amerikanske språkforskaren og filologen John Pickering (1777–1846).[2]
Det er skildra frå Fåvang. Førekomsten av naturlege sulfat i Gudbrandsdalen (sjå òg halotrichitt) har vore kjent i fleire hundre år. Dei vart tidlegare brukt av den lokale folkesetnaden ved farging av tekstil. Det lokale namnet på salta er «hakkemette».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Pickeringitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pickeringitt.